Første del av Vognhallen vart sett opp i 1894 den smalspora Osbanen vart bygd. Sidan vart huset utvida i breidda slik at det i dag er 9 x 70 meter. Vognhallen vart brukt til oppstalling av togsetta.
Osbanen vart nedlagt i 1935, overtok Osbilane hallen. Dei kledde han inn og tok han i bruk som garasje. For ti år sidan selde busselskapet hallen til Os kommune som har gitt bruksretten til Os kulturutvikling. Ok vil overta eigedomsretten til hallen om vi klarar å byggja han om til eit senter for kunst, brukskunst og liknande.
 
Hus i huset
Den “nye” Vognhallen vert eit moderne verkstads- og atelierbygg med glasfasade ut mot fjorden - innanfor det gamle reisverket. Innanfor søylerekkja mot riksvegen, vert det open gangbane. I planane er det sett av plass til tolv arbeidsstader kvar på 25-30 kvadratmeter.
For kvar arbeidsplass vert det lagt ut røyropplegg for m.a. vatn og trykkluft. dersom nokon treng større plass er det fullt mogeleg å leiga to “båsar” utan skiljevegg.
 
Høgt under taket
Atelier-einingane får takhøgd opp til sperrene. Fellesareal med m.a. WC, dusj og kjøken er plassert midt i bygget. Over fellesarealet er det òg teikna inn ein loftsetasje t.d. for lag og organisajonar.