Vognhallen på Osøyro har ved fleire høve tent som kulturarena. Her har det vore konsertar i regi av Os blues- og jazzfestival, og i snart ti år har skulpturarbeidet og kursa i samband med skulptursymposiet vore lagde til Vognhallen. Vi vidareutviklar Vognhallen som arena for kunst- og kulturhendingar i Os.

I sørenden av hallen byggjer vi eit ca. 155 kvadratmeter stort innebygd «allrom» som har plass til utstillingar, verkstad/gjesteatelier og intimscene. Bygget er tenkt utstyrt med faldeveggar som vil gjera det lett å tilpassa lokalet, alt etter aktivitet og kor mange som deltar. Bygget vil òg ha ein hems og fasilitetar som kjøkken, wc og lager. Bygget i Vognhallen vil styrkja kulturlivet, og ligg i tillegg sentralt plassert med tanke på sambruk med Oseana.