Huset innom huset – prosjekt Vognhallen

Vognhallen på Osøyro har ved fleire høve tent som kulturarena. Her har det vore konsertar i regi av Os blues- og jazzfestival, og i over ti år har skulpturarbeidet og kursa i samband med skulptursymposiet vore lagde til Vognhallen. Vi vidareutviklar Vognhallen som arena for kunst- og kulturhendingar i Os.
I sørenden er det eit ca. 155 kvadratmeter stort innebygd «allrom» som har plass til utstillingar, verkstad/gjesteatelier og intimscene. Bygget har faldeveggar i glas som vil gjer det lett å tilpassa lokalet, alt etter aktivitet og kor mange som deltar. Bygget har fasilitetar som kjøkken, wc og lager. Vognhallen ligg i tillegg sentralt plassert med tanke på sambruk med Oseana.